La luna asoma (Månen tittar fram)

for sang, tuba og piano

Halvor Håkanes, Geir Løvold og Per Chr. Revholt

Tekstar av den beste lyrikaren i Spania, Federico Garcia Lorca, er sette opp mot dikt av Tor Jonsson og tonesett for den uvanlege kombinasjonen folkesong, tuba og piano. Musikken har folkemusikkpreg, men har og spennande element frå mange andre stilartar. Nye komposisjonar og arrangement av Geir Løvold og Per Chr. Revholt. De vil få ei god stund  den timen konserten varar. Programmet hadde ei  oppsiktsvekjande og godt motteke premiére under  Diktardagane i Lom i august 2001.

Programpresentasjon
Innleing:

Musikken finnes på CD
Musikken finnes på CD

Velkomne til ein konsert der Tor Jonsssons og Federico García Lorcas dikt er tonesett og tilrettelagt av Geir Løvold og Per Christian Revholt. Omsetjing av Lorcas dikt er gjort av Tove Bakke og Ragnar Hovland. I arbeidet med dette programmet har vi hatt stor glede av å lese biografien “Berre kjærleik og død” av Ingar Sletten Kolloen og “Et liv” av Ian Gibson.

Mange vil sikkert stille spørsmålet kvifor Jonsson og Lorca? Det er eit langt stykke mellom Sør-Spania og Nord-Gudbrandsdalen.. Jonsson var oppvaksen i Lom i magre kår, Lorca vaks opp i relativt gode kår på Granadas sletteland. I tillegg til denne fysiske avstanden, er det og eit stykke mellom miljø og kultur her nord og der sør. Eg har likevel syns at desse dikta har møtt einannan og kommunisert; særlig i tema, om ikkje så mykje i form. Både Jonsson og Lorca såg tydeleg og var opptatt av dei sosiale forskjellane i kvar sine miljø. Lorca var ikkje uttalt politisk verken i diktning eller i annan samanheng, sjølv om facistane meinte noko anna -. Han sa sjølv: “Eg er fyrst og fremst ein verdsborgar og bror til alle”. Men han gjorde det også klart at han alltid stod på dei undertrykte og svake si side mot all overmakt.

Jonsson var nok ein større sosial opprørar og hadde også kjent dei sosiale forskjellane sterkt på sinn og kropp, og han var beisk i si skildring av alle dei som tilhørde dei velberga I samfunnet, så som ættebønder, øvrigheit, kyrkje og presteskap inkludert.

Båe desse diktarane var vakse opp i eit miljø med ein sterk folketradisjon, med eventyr, segner, fortellingar, musikk og dans. Lorca elska den Sør-Spanske kulturen og brukte bilete frå denne i diktinga si. Han var også ein god pianist og songar. Han starta ein poesi-, musikk-, og dansefestival i Granada, ein festival som fortsatt eksisterar og blømer.

Jonsson var nok litt meir dobbel i forhold til den kultur og det miljø han var i frå. Halldis Moren Vesaas undra seg kvifor han som for så hardt fram mot bondekulturen, knapt kunne få nok av folkedans, bunader og folkeviseleik frå ei friluftscene, og ho irriterte seg nok litt over, at det han spotta den eine dagen, dyrka han den neste. Og ho kalte han ei slørdanserinne, og det mora Tor Jonsson godt.

Lorca hadde et nært forhold til komponisten de Falla, og ein av dei Tor Jonsson hadde eit nært forhold til var komponisten Sparre Olsen. Båe diktarane brukte bilete frå musikk/musikarar, spelemenn og dans.

Omkring død:
Båe Jonsson og Lorca døydde før dei fylte 40 år. Lorca blei myrda av facistane, Jonsson døydde for eiga hand. Båe var svært opptatt av død; sin eigen død og fenomenet død. Hjå Lorca er månen, som han vender tilbake til i mange dikt eit bilete på døden. Jonsson skreiv også dikt etter dikt med døden som tema. Han er opptatt av korleis menneska sjølv kunne “Tråkke ned alle blomane bjarte”, men også korleis flokken kunne spotte og drepe eit menneske som gjekk sin eigen veg og ikkje fylgde opptråkka stigar, slik som i diktet “Død spelemann”.

Kjærleik og død:
Jonsson og Lorca skreiv ikkje bere om kjærleik og død. Jonsson skreiv mange refsande dikt, og båe skreiv om kjærleik. Tor Jonsson hadde problemer i kjærleikslivet. Han hadde vanskeleg for å tru at nokon kunne elske han, og han hadde ikkje mange kjærleiksforhold til kvinner. Og dei få som var, var problematiske.

Lorca hadde fleire kjærleiksforhold, men det var til menn, noko som provoserte sterkt i Spania og andre stader på 20- og 30-tallet.

Båe er opptatt av temaet: Liv, kjærleik og død. Lorca brukar bilete frå den muntlege tradisjonen han har med tyrefekting, lidenskap, sjalusi, begjær, hemn og sjølve landskapet. Det er raudt blod og grøn levande vokster. Livsdyrking, men fyrst og fremst dødsdrift.

Tor Jonsson brukar naturleg nok andre bilete! Like sterke, men med andre fargeklangar og valører i pakt med vårt lynne og natur her i nord. Og det er han som har skapt utrykket som eg syns kan stå for båes diktning: “Kjærleik og død &endash; berre kjærleik og død”.

La luna asoma:
I mørkret om natta kjem det skjulte fram. Her til lands snakkar vi om dei underjordiske, som vågar seg fram natterstider. Eg vil påstå at begge desse diktarane har møtt dei underjordiske i den forstand at dei har bevega seg inn i det skjulte, det som ikkje er så lett tilgjengeleg i sollyset.

Hjå Lorca er den urgamle kunnskapen om månen sterk og levande, i tillegg til å vera bilete på døden, står også månen for det kvinnelege, psyken, det fruktbare, grøde og vekst. Død fylgjer liv, som liv fylgjer død. I denne nattlege verda har sola ingen plass liksom månen ikkje har kraft om dagen. ( “Ingen et appelsinar under fullmånens skin”).

Når så månen kjem fram om kvelden får alt andre fargar, og i det blå lyset ser ein landskapet på ein heilt annan måte: “La luna asoma” eller “Månen tittar fram”.

(Tidligere prosjekter kan tas opp igjen og spilles på bestilling.)